Bu trygt og triveleg

«Bu trygt og triveleg» psykisk helse, heimetenesta og USH

Prosjekt Bu Trygt og triveleg er eit prosjekt som er støtta med midlar frå Opptrappingsplanen for rus (2008-2012).

Prosjektet rettar seg mot den delen av tilskotsordninga som gjeld vaksne og eldre personar med

Rusmiddelavhengighet og er eit samarbeidsprosjekt mellom avdeling psykisk helse,

heimetenestene, Utviklingssenteret for sjukeheimar i Buskerud (USH) og Høgskulen i Buskerud (HiBu).

Gruppa arbeider etter modellen ”tettare på” som er felles for ressursgruppearbeidet innanfor utviklingssenteret. Det er gjennomført ressursgrupper månadlig frå aug. 2011. Personalet frå dei to avdelingane har arbeidt saman i praksis for å ”bryte ned murer” ved å få innsikt i den daglege arbeidssituasjon til kvarandre og for å auke felles forståing om arbeid knytt til denne brukargruppa og den enkelte pasient.  Avdelinga har etablert arbeidsgrupper mellom ressursgruppemøter. Avdelingane er i prosess med å etablere samarbeid, og har behov for å arbeide vidare med å styrke samarbeidet om gjennomføring av tiltak i praksis.

Mål:

  • Å etablere samarbeidsformer og rutinar for å oppnå betre kvalitet på tenestene til målgruppa
  • Å leggja til rette eigna bu tilbod for deler av målgruppa, dei som kan gjera seg nytte av omsorgsbustader med fellesareal.
  • Å få trygge og kompetente medarbeidarar i alle ledd av omsorgstenestene.

2013

Prosjektet Bu trygt og triveleg er avslutta og data frå prosjektet skal publiserast vitskapeleg i artikkel.