Oppgåver for ABC-kontakten i kommunen
Som ABC-kontakt i din kommune er du utviklingssenteret sin samarbeidspart når det gjeld ABC-opplæring. Her vil du finne ein oversikt over mogelege oppgåver som kan ligge til denne rolla:
- vere samarbeidspart for leiar i høve oppstart av grupper og tematikk
- rekruttere deltakarar, t.d. med oppslag i avdelingar/info-møte
- registrere deltakarar og bestille permar hos Aldring og helse
- fylgje opp/motivere gruppene i høve gjennomføring
- organisere oppstartseminar og fagseminar saman med USH
- kontrollere og sende frammøteskjema til Aldring og helse ved fullført studieperm
- dele ut studiebevis til deltakarane