Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT)  er ei nasjonal satsing som skal bidra til gode pleie- og omsorgstenester i kommunane. Det er oppretta utviklingssenter i kvart fylke i landet. I  Buskerud er Drammen kommune definert vertskommune for heimetenestene og Ål  kommune vertskommune for sjukeheimstenesta, men begge utviklingssentra deltek i prosjektutvikling i heile omsorgskjeda.

Kontoradresse
Vi held til i underetasjen på Tingstugu Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål

«Utvikling gjennom kunnskap»

"Utvikling gjennom kunnskap"  (PDF, 410 kB) er den overordna strategien vår. Den er førande for aktiviteten i alle utviklingssentra. Den seier m.a. at utviklingssentra skal vere pådrivar for kunnskap og kvalitet i sjukeheimar og heimetenester, og der målgruppa for satsinga er alle tenestemottakarar uavhengig av alder, diagnose og funksjonsevne.

 

Utviklingssentra for sjukeheimar og heimetenester skal vere:

  • pådrivar for fag- og tenesteutvikling innan lokalt og nasjonalt definerte satsingsområde
  • pådrivar for vidareutvikling av praksistilbod til elevar, lærlingar og studentar
  • pådrivar for kompetanseutvikling for tilsette
  • tilrettelegge for forsking og utvikling i helse- og omsorgstenesta

Organisering av USH Buskerud

Utviklingssenter for sjukeheimar i Buskerud har ein administrativ leiar. I tillegg er det fleire prosjektleierar/medarbeiderar knytta til dei ulike prosjekta. Senteret er lokalisert i Kommunalsjefen sin stab på Tingstugu, i Ål.

USH Buskerud samarbeider med alle kommunene i Buskerud,  Høgskolen i Sørøst- Norge (HSN), Fylkesmannen i Buskerud, Vestre Viken HF, Hallingdal sjukestugu, Senter for omsorgsforskning sør ved Universitetet i Agder/Høgskolen i Telemark, VID vitenskapelige høgskole, Hallinghelse, Hallingforsk

Det er etablert et fag- og samarbeidsråd med representanter fra HSN, Fylkesmannen i Buskerud, Vestre Viken HF, Ål vidaregåande skule og Senter for omsorgsforskning i tillegg til kommunalsjef, kommuneoverlege, fagforbundet i Ål, hovudverneombudet, leiar for USH Buskerud.
Rådmannen er leiar for styringsrådet.

USH Buskerud sine satsingsområde i 2016

Kvart Utviklingssenter definerer eigne mål og satsingsområde innanfor ramma av nasjonale føringar. Våre satsingsområde i 2016 er:

  • Demensomsorg
  • Gjenklang - bruk av sang og musikk i demens og eldreomsorga- kompetanseheving for helsepersonell
  • Pasienttryggleik
  • Velferdsteknologi
  • Lindrande behandling og nettverksarbeid
  • Fagnettverk innan eldreomsorg
  • ABC-oppæring
  • Forsking/tilrettelegge for forsking