Ernæringsprosjekt - Velkommen til bords
Infofolder "Velkommen til bords"
Utviklingssenter for sjukeheimar i Buskerud er ein pådrivar innan ernæringsarbeid, og har utvikla ein modell knytt til ernæringsarbeidet i Hallingdalsregionen. Modellen består av interkommunale fagseminar for helsepersonell og kjøkkenfaglig personell i ernæringsarbeid, kombinert med lokale ressursgrupper/ ernæringsgrupper i avdelingane. Representantar frå USH og den einskilde kommune har danna eit fagnettverk i ernæring på tvers av Hallingdalskommunane.
Det er utvikla eit e-læringsprogram i ernæring, gjort filmopptak i samarbeid med personalet, pasientar og sjukepleiarstudentar frå HiBu ved Ål bu- og behandlingssenter, og profesjonelle fotografer.
Det er gjort eit grundig arbeid i utvikling av e-læringsprogrammet "Velkommen til bords", og tilbakemeldingar er udelt positive og verktyet blir nytta på sjukeheimar rund i landet. E-læringsprogrammet vart sist presentert på Helsedirektoratets erfaringskonferanse i ernæring i mars 2015.
E-læringsprogrammet vil i 2016 bli vidareutvikla med avsluttningsspørsmål og kompetansebevis ved gjennomført kurs.
Utviklinga av e-læringsprogrammet er støtta med tilskotsmiddel frå Helsedirektoratet.
E-læringsprogrammet kan du og finne på den nasjonale nettsida til alle utviklingssentera: www.utviklingssenter.no Pogrammet ligg også til fri bruk på Kurs Kommitt.( KS sin kursportal)
Du kan lesa meir om Ernæringsprosjektet i Stein på stein 2013 og Stein på stein 2010
Her finn du Kosthåndboka:
Her finn du Nasjonal faglig retningsline for forebygging og behandling av underernæring: