God demensomsorg handlar om å møte den enkelte der han/hun er, og leggje til rette for individuelle tenester. Frå hausten 2015 har USH gjennomført eit prosjekt i utprøving av bevisst og systematisk bruk av song og muskk i eldre- og demensomsorgen. Dette opplæringsprogrammet er utvikla av musikkterapeutane Marianne Graff og Trine Lise Aasheim, og er retta mot helsepersonell som har den daglege omsorgen for eldre-og demensramma. Programmet er eit godt verkty for dei tilsette i møte med pasientane for å oppretthalde og styrke følelsen av identitet og velvære. Prosjektet er gjennomført i Hemsedal og Ål kommune, og vert vidareført i Ål kommune som eit miljøbehandlingsprosjekt til personar med psykisk utviklingshemming hausten 2016. Hol kommune er også invitert til å delta inn i prosjektet 2016/2017.
Utviklingssenteret i Vest-Agder har og gjennomført tilsvarende utprøving.
Tilbakemeldingane frå både pasientar, deira pårørande og tilsette har vore svært gode. USH valte difor å lage ein ein kortfilm
som viser glimt frå gjennomføringa av prosjektet, og som kan inspirere andre til å gjere tilsvarande.
Klikk på linken og sjå filmen " Mer enn en sang".

Prosjektet blir presentert på Nasjonal konferanse for Senter for Omsorgsforskning i Oktober 2016.

Her finn du symposium til presentasjonen på konferansen

Det er eit pågåande samarbeid om dokumentasjon og evaluering initiert av Senter for Omsorgsforskning.
Målet er å spreie denne kunnskapen vidare til andre kommunar i eige fylke, men også nasjonalt.


 Prosjektleiing i Ål musikkterapeut Trine Lise Aasheim og Marianne Graff, Avdelingsleiar Tone Fossgård Berg og Marit Øen Li og Prosjektleiar Borghild Ulshagen