Til gards - Inn på Tunet

Publikasjon - Til gards

Det er behov for å modernisere, vidareutvikle og styrke dagtilbodet/ dagaktivitetar for personar med demens. Varierte tilbod med involvering av fleire aktørar som frivillige, grøn omsorg, pårørande og modernisering av eksisterande dagsenter er aktuelle tiltak.  Sirkulerande tilbod for personar med demens, mellom dagsenter, grøn omsorg trening kan vera aktuelt. Det er viktig at tilbodet foregår desentralisert, at tiltak blir lagt til lokalmiljøet, både som gruppeaktivitet eller i pasientens eigen heim. Pasientar med demens kan vera fysisk spreke, og har glede av bl.a. å vera i bevegelse ute med aktivitetar dei har glede av og som gir gode opplevingar. Individuelle tiltak må til overfor personar med demens sjukdom. Det vart etter søknad gitt midlar frå helsedirektoratet til prosjekt Inn på Tunet. Målet med prosjektet er:

  • Å skape meiningsfulle opplevingar og ein aktiv kvardag i tråd med innhaldet i Rundskriv 1-5/2007 Aktiv omsorg.
  • Å bygge opp under eigenmestring tilpassa den enkeltes funksjonsevne
  • At dei som ønskjer det skal kunne bo heime så lenge som mogleg
  • Å gi nødvendig avlastning for pårørande som står i ein krevjande omsorgssituasjon

 

Det er etablert tilbod hjå to tilbydarar som har kvar sin brukar ein dag i veka. Dette er eit pilotprosjekt i samarbeid med Inn på Tunet løftet Hallingdal, Hibu, avd. Stugu Ål bu og behandlingssenter og USH.

 

2013

Tilbodet vert vidareført i 2013 med tilskotsmiddel frå 2012. Det vert publisert ein rapport frå pilotprosjektet. Ny søknad for vidareføring av tilbodet vert sendt helsedirektoratet.

2014

Dagaktivitetstilbudet har endra navn og heiter no Til Gards. Ål kommune har gitt midlar slik at tilbodet kan vidareførast i 2014. Prosjektet vil forsøke å få til både individuelle tilbod og tilbod til grupper.

2015

Prosjektet vidareførast i 2015. Prosjektet er behandla i sektorutval og kommunestyret, og skal evaluerast i forhold til nye friske midlar hausten 2015.