Velferdsteknologi

Talet på eldre vil auke i tida framover, dette gjer at me må tenke nytt når det gjeld helse og omsorgstenester. Det er konkludert både nasjonalt og internasjonalt at utfordringar i framtida innan omsorg må løysast ved at det blir tatt i bruk meir teknologi. Mykje teknologi er tilgjen-geleg allereie, men her skjer det nye ting heile tida.


Ål kommune og Arena Helseinnovasjon har inngått avtale om utprøving av velferdsteknologi i sju private bustadar i Ål kom-mune. Eksisterande og ny teknologi skal takast i bruk på en innovativ måte for å gi best mulig livskvalitet og mestring for bebuarane, og ein best mulig arbeidssituasjon for dei tilsette.

I dette Innovasjonsprosjektet har ni medlemsbedrifter i Arena Helseinnovasjon gått saman i eit forpliktande samarbeid. Dei skal forsøke å utvikle nye teknologiske løysingar basert på identifiserte tenestebehov. Desse løysingane skal fungere sa-man som en heilskapleg systemløysing. Løysingane som blir utvikla i Innovasjonsprosjektet skal vera kunnskapsbasert og utvikla gjennom brukarmedvirkning. Universitetet i Agder, Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Buskerud deltar på FoU-sida for å sikre den faglege kvaliteten i løysingane.

Velferdsteknologi er eller kjem under utprøving er:

  • Fall-/trykksensor ved seng, stol sofa og etter kvart på kroppen.  Gir alarm når det ikkje lenger er trykk på matta.
  • Fuktmatte – alarm når ein blir våt.
  • Epilepsimatte (3) – alarm ved anfall.
  • MEMOplanner (4) – er ein digital kalender som seier frå om dagens hendingar med påminningsfunksjon, og blant anna fjernhjelp og sms-varsling for personar med begynnande demens.
  • Dosett som utløyser alarm når medisinen ikkje er teke til rett tid – alarmen kan koblast både til pårørande, naboar eller heimetenesta.
  • Blodprøvetakar som sender svaret direkte inn til f.eks. heimesjukepleia. Denne er ikkje klar for utprøving enda.
  • Dusjassistent – dusjar, vaskar og tørkar dei som ikkje klarer å dusje sjølve, men som gjerne vil vere sjølvhjulpne. Denne er ikkje klar for utprøving enda.
  • Tryggheitsalarm med 2-vegs kommunikasjon og GPS. Denne kjem frå iGlobal Tracking og høyrer ikkje med til produkta frå Arena Helseinnovasjon.

Utprøvinga av hjelpemidlane er i gang. Det har vore nokre tekniske utfordringar for å få ting til å «snakke» saman, men det som er i drift ser ut til å fungere bra. Tilbake-meldingar frå dei som prøver ut fall-/trykksensor er at både brukar, pårørande og hjelpepersonell føler seg tryggare. For brukaren sjølv betyr det at han slepp unødvendige besøk av hjelpepersonell som berre skal titte innom for å sjå at alt er bra. For pårørande og dei tilsette betyr det at dei kan vere trygge for at brukaren ikkje har falle og blir liggande utan at dei blir varsla. Dei tilsette kan i tillegg disponere ledig tid på pasientar som har større behov for tilsyn og hjelp.