Stimuleringsmidlar - ernæring
Underernæring og feilernæring gir auka fare for å utvikle sjukdomar, lengre rekonvalesens, større pleietyngde og høgare medisinske kostnader for samfunnet. 20 – 60 % av eldre som brukar kommunen sine helsetenester viser teikn på underernæring eller er i ernæringsmessig risiko.
Utviklingssenter for sjukeheimar i Buskerud inviterte alle kommunar i Buskerud til å søke stimuleringsmidlar retta mot utviklingsarbeid innan ernæring. Søknadsfrist var 15.juni.2016
Det har kome inn 5 søknadar for totalt 7 sjukeheimar. Hovudmålet med stimuleringsmidlane er å bidra til kompetanseheving innan ernæringsarbeid og å betre ernæringspraksis i Buskerud fylke.
USH legg vekt på at desse punkta for måloppnåing :
- Stimulere til auka kompetanse og bevisstgjering innan ernæring til helsepersonell basert på nasjonale føringar.
- Betra ernæringspraksis- doumentasjon og rutinar.
- Konkrete tiltak i praksis, og på kva måte har prosjektet overføringsverdti il andre.
Søknadane er vurdert i lag med Fylkesmannen og vår samarbeidspart frå Høgskolen i Sørøst Norge.
Desse vart tildelt stimuleringsmidlar:
Konnerud, Losjeplassen, Strømsø, Åskollen og Hamborgstrøm i Drammen, samt Hønefoss omsorgssenter
Les meir her
Her finn du utlysningsteksten:
Har du gode idear for å heve kompetanse og utvikle ernæringsarbeidet til eldre?
Underernæring og feilernæring gir auka fare for å utvikle sjukdom, lengre rekonvalesens, større pleietyngde og høgare medisinske kostnader for samfunnet.
20 – 60 % av eldre som brukar kommunen sine helsetenester viser teikn på underernæring eller er i ernæringsmessig risiko.
Utviklingssenter for sjukeheimar i Buskerud inviterer kommunar i Buskerud til å søkje stimuleringsmidlar retta mot utviklingsarbeid innan ernæring.
Valde kommunar kan bli tildelt inntil kr 50.000,- Sjå vedlegg for meir informasjon og søknadsskjema.
Søknadsfrist 1.juni.2016
Klikk her