Velferdsteknologi er eit nasjonalt satsingsområde, og eit viktig verktøy i møtet med framtida sine utfordringar. Satsing på velferdsteknologi kan gi auka livskvalitet for brukarane, høgare kvalitet på tenestene, innsparing for kommunane og ha effekt i forhold til rekruttering.
Ål kommune er i gang med å implementere velferdsteknologi i arbeidet for å betre kvaliteten i dei kommunale pleie-, omsorgs- og rehabiliteringstenestene. Behovsstyrt velferdsteknologi i kombinasjon med organisering av tenestene kan bidra til auka sikkerheit, tryggare brukarar, pårørande og tilsette, og meir målretta og samfunnsøkonomisk utnytting av tilgjengelege ressursar.
Prosjektet rettar seg særskilt mot å prøve ut tekniske løysingar for å registrere og varsle personalet ved:
- Nattevandring. Når brukar forlet seng, rom eller bustad nattestid
- Fall og/eller fråvær frå seng
Eit sentralt punkt er at løysingane skal tilpassast individuelt for kvar brukar og den einskilde sin situasjon og behov.
Prosjektet si målgruppe
- personar i eigen heim eller omsorgsbustad som kan nyttiggjere seg velferdsteknologiske løysingar (primærbrukarar)
- pårørande til primærbrukarane
- tilsette i helse og omsorgssektoren
Prosjektet tek sikte på å vinne erfaringar med teknologistøtte til natt-tilsyn hjå brukarar med ulike somatiske og kognitive utfordringar og i ulike buformer.
Målet med Velferdsteknologi/Digitalt natt-tilsyn
- Auka kvalitet i kommunen si natt-teneste
- Auka tryggleik for brukarar, pårørande og tilsette med ansvar for tilsyn på natt
- Betre ressursutnytting
- Brukarar med aukande bistandsbehov får utsett tidpunktet for eit høgare omsorgsnivå
Trykkmatte kan liggje i seng/sofa, eller eventuelt på golvet framom seng/sofa for å varsle når brukar bevegar seg ut av denne.
For meir informasjon om digitalt nattilsyn ta kontakt med Oddveig Tveitehaug mob 99287898 eller på e-post oddveig.tveitehaug@aal.kommune.no