GPS-sporing med to-vegs kommunikasjon - Tryggleik og friheit for brukar og pårørande

 

Som eit ledd i satsinga med utprøving av velferdsteknologi, er Ål kommune i gang med å ta i bruk GPS-sporing med to-vegs kommunikasjon. Ein slik type GPS kan bli brukt til å spore brukaren, samt enkelt å opne for to-vegs kommunikasjon.Målet med GPS-sporing er at pasienten får behalde fridomen sin, og at pårørande  opplever større tryggleik for sine næraste.  

GPS-eininga er på storleik med ei fyrstikkeske og kan puttast i lomma eller hengast rundt halsen. Når brukaren trykker på alarmen blir det oppretta tovegskommunikasjon mellom pårørande/ tilsette, og brukaren. Det kan og opprettast ei GEO-sone der det blir sendt melding til pårørande/tilsette om brukaren bevegar seg utanfor ei definert sone. Pårørande/ tilsette kan enkelt logge seg på mobilen eller pc for å sjå kvar brukaren er.

Mange personar med demens er vant til å gå i fjellet eller bevege seg fritt ute, og opplever at sjukdommen kan avgrense fridomen. Demente som legg ut på vandring og ikkje finn attende er eit utbreidd fenomen. Dei fleste blir funne i god behald, men ikkje alle. Dette fører ofte til leiteaksjonar og mykje bekymring for dei pårørande.

Når brukaren har GPS på seg, er det mogleg å fylgje personens bevegingar. Personvern skal beskytte menneske frå overvaking, men regelverket har dei siste åra vorte lemplegare. Så lenge brukaren gir samtykke har ein lov å «spore» personen når behovet oppstår. Målet med lovendringa er å bidra til auka tryggleik, fridom og livskvalitet både for den demente og deira pårørande.

For meir informasjon om GPS-sporing med to-vegs kontakt ta kontakt med Oddveig Tveitehaug mob 99287898 eller på e-post oddveig.tveitehaug@aal.kommune.no