Mobil pleie

Mobil Pleie er ein app på smarttelefonen som inneheld pasientjournalar og viktig informasjon om brukarane i heimetenesta. Applikasjonen gjer det mogeleg for dei tilsette i heimetenesta å ta med seg delar av pasientjournalsystemet ut i heimane. Heimetenesta i Ål kommune starta opp med mobil pleie våren 2015 og ser allereie god effekt av investeringa. God tilgang på pasientopplysningar aukar kvalitet på tenesteytinga og sikrar rett behandling.

Mobil Pleie gir til ei kvar tid tilgang til oppdatert informasjon, samt legg til rette for effektiv kommunikasjon mellom dei tilsette i omsorgstenesta. Mobil Pleie har dei viktigaste funksjonane for komplett rapportering ute hjå brukaren, noko som er svært tids- og kostnadsbesparande. All informasjon blir kryptert og sendt / motteke via Norsk Helsenett som er ein sikker kommunikasjonskanal.

Tiltaksplanen til pasienten legg grunnlaget for opplysningane i arbeidslista som blir henta opp på telefonen. Helsepersonell kan til ei kvar tid finne oppdaterte opplysningar om tidligare besøk, medisinar og prosedyrar. I tillegg blir besøka dokumentert ute hjå brukaren i etterkant av fullført oppdrag. Dette kvalitetssikrar dokumentasjon. Personellet  treng ikkje hugse alt som har skjedd når dei skal rapportere på slutten av vakta. Mobil App har letta arbeidet med dokumentasjon vesentleg.

Dersom ein er ferdig med eigne pasientar for dagen, kan ein hjelpe kollegaer som har mykje att på lista si. Informasjonen om tenesta til den aktuelle pasienten blir henta ned via smarttelefonen.

Før heimetenesta fekk mobilane, skreiv dei ut lister før dei reiste ut på oppdrag. Det sparar mykje papir og tid når dei berre kan plukke med seg ein smarttelefon og ha tilgang til den informasjon som ein treng. Personalet er svært nøgd med den nye løysinga. Det vert opplevd trygt å ha all pasientinformasjon tilgjengeleg med seg ute hjå brukaren.

For meir informasjon om mobil pleie ta kontakt med Oddveig Tveitehaug mob 99287898 eller på e-post oddveig.tveitehaug@aal.kommune.no