Grunnutdanning
Desentralisert utdanning innan Vernepleie
I Hallingdal pågår det desentralisert utdanning i regi av Høgskolen i Sørøst-Norge, Telemark. Hallingdalskommunane har 9 studentar som er under utdanning. Våren 2017 vil studentane være ferdig med si bacheloroppgåve og klar til å gå attende til heimkommune.
Det er ynskjeleg å få ei ny gruppe opp å gå innan desentralisert vernepleiarutdanning frå 2017, og det blir i desse dagar jobba med å få på plass eit nytt tilbod.
Desentralisert utdanning innan sjukepleie
USH har i 2016 utfordra både Høgskolen i Sørøst- Norge og VID vitenskapelig høgskole om ei desentralisert sjukepleieutdanning i Hallingdal. Det har ikkje lykkast å få dette på plass i 2017, men vi vil fortsatt jobbe med å få dette etablert på ny i Hallingdal.