Vidareutdanning
Klinisk geriatrisk vurderingskompetanse – 30 studiepoeng på masternivå - Høgskolen i Sørøst Norge i samarbeid med USH/ Ål kommune 2016
Klinisk Geriatrisk Vurderingskompetanse Ål og Drammen er allereie halvvegs. Studiet vert tilbydd på Torpomoen/ Ål, men førelesningane blir også overført til Drammen. Dei nærare 30 studentane er svært nøgd med gjennomføringa. Kompetansen, både praktisk og teoretisk, er lett å omsette i kvardagen, og styrkar den einskilde sjukepleiar sin kunnskap og kvalitet i møte med den eldre pasienten.
«Omsorg ved livets slutt» - 10 studiepoeng på masternivå - VID vitenskapelige høgskole (Diakonhjemmet) i samarbeid med USHT Buskerud
I starten av 2017 vil VID vitenskapelige høgskole (Diakonhjemmet) i samarbeid med USHT arrangere eit studie i emnet «Omsorg ved livets slutt», 10 studiepoeng på masternivå (min.20 studentar). Det vil bli etablert ein klasse i Hallingdal om søkjarmassen er stor nok. Det blir også vurdert ein klasse nr 2 ein annan plass i fylket. Annonse for studiet finn du på VID si heimeside frå hausten.
Opplæringspakke lindrande behandling og omsorg ved livets slutt for helsefagarbeiderar og ufaglærte – pilot.
Helsedirektoratet har invitert USHT i Hedmark og Buskerud til å delta i utprøving av en modell/opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Kompetansepakka inneheld td e-læring, handbok, og refleksjonsspørsmål, og gjennomførast tilnærma som ABC-opplæring.
Det er Høgskolen i Hedmark som har utvikla kompetansepakka på oppdrag frå Helsedirektoratet.
Nokre kommunar Buskerud vil hausten 2016 få tilbod om å delta som pilotkommune og hauste erfaringar av modellen.
Utviklingssenter for sjukeheimar samarbeidar med høgskolen i Buskerud og Vestfold (HBV) om ulike desentraliserte vidarautdaninger, td. Veiledning og Klinisk geriatrisk vurderingskompetanse.
For meir informasjon om ulike studiar gå gjerne inn på
Høgskolen i Sør-Norge www.hsn.no
eller
VID Vitenskaplige høgskole www.vid.no